Føremålet med denne sida er å formidle vidare tonalitetar og skalaer som fins i arkivopptak av norsk folkemusikk.

Vi ynskjer å leggje til rette for at brukarane av sida skal få inspirasjon av dei mange tonalitetsnyansane som finst innan spel og kveding.

Inne på kvar skala vil ein finne ein tonegenerator som er stilt inn på tonane vi har analysert oss fram til. Referansefrekvensen sett ein etter som det høver tonearten på arkivopptaket, stemma si eller instrumentet sitt.

Ved å lytte til opptaka, spele på tonegeneratoren, samt etterlikne tonane med eiga stemme eller instrument, kan ein utvida si eiga tonalitetsforståing.

Analyser er gjort Morten Joh, Anders Hana og Hans Kjorstad, heimesida av Jan Erik Hagevold. Vi ynskjer både attendemeldingar på sida og innspel til andre skalaer vi burde leggje ut. Skriv gjerne til oss på skalastudier@protonmail.com.

frontimage